Frå og med 1. januar 2024 vart næringsdelen av BIR Voss Hardanger AS (tidlegare IHM) ein del av BIR Bedrift AS.

Kva vil dette ha å sei for meg som kunde?

I utgangspunktet ingenting. Alle avtaler og tenester vart vidareført. Vårt avfallsanlegg på Voss skal være lokalisert på same adresse som før, og våre medarbeidarar er dei same. Me slår oss saman med BIR Bedrift for å være i stand til møta framtida saman og for å kunna tilby alle våre kundar gode, miljøvenlege, sirkulære og konkurransedykte tenester.

Skulle det være noko i samband med overføringa, så ikkje nøl med å ta kontakt med oss.

Formell avtalepart frå 01.01.24 er BIR Bedrift AS, org. Nr. 980 253 937. 

Som før kan du kontakta oss på Voss på telefon og e-post:
Tlf. nr. 55 27 70 50
E-post: bedrift@bir.no
Heimeside: www.birbedrift.no

Vår nye kontoradresse på Voss er Bjørkemoen 46, 5709 Voss (der Flage Maskin heldt til tidlegare).

BIR og BIR Bedrift sin visjon er å vera Vestlendingane si eiga miljøbedrift. Med Bossug og Retura i tillegg til det som er nevnt, er BIR Bedrift ein komplett avfallsentreprenør. Som miljøpådrivar har BIR Bedrift ei viktig oppgåve med aktiv rådgjeving om miljøriktig avfallshandtering, om kva og korleis de bør eller må sortera.

IHM Næring ser fram til eit framleis godt samarbeid med alle våre kundar, men no som BIR Bedrift AS. 

 

Ein del av gjengen på Voss som no er blitt ein del av BIR Bedrift.